På grunn av sjukdomssituasjonen må vi legge om opplegget med avlsarbeidet ein del. Vi må, i samråd med veterinærmyndigheitene, prøve å finne gode løysingar.
Det vart diskutert om vi skal hoppa over granskinga eit år.
Området deles inn i soner. Det skal ikkje vera livdyrtransport mellom desse sonene.
GROVSKISSE SONER:
- Meråker, Stjørdal, Frosta, Åsen.
- Levanger, Verdal.
- Leksvik, Mosvik, Inderøy.
- Steinkjer, Verran, Snåsa.
+ Spel.
Innan desse sonene vil det bli aktuelt med ein ring og X antal lag.
Livdyrstraumen skal berre gå ut frå ringane, dvs. ringane kan ikkje ta inn verar frå laga.
Det vil bli satt strengare krav til ringmedlemmane.
- Oppstalling av verane.
- Verane føres tilbake til oppdrettar.
- Kontrollert paring.
- ”Rett” bruk av elitevêr.
- Stille til kåring.
Ringanalysane kan vera eit hjelpemiddel til å plukke ut dei som kan vera med i ring.
Styret ønskjer tilbakemelding på dette. Det planlegges eit møte der det kan diskuterast.
- Nord-Trøndelag skal ha fått tilbod om å bli med på prøveopplegg med semingransking. Dette har Nord-Trøndelag Sau og Geitavlslag i samråd med avlsutvalget takka nei til. Verholdet vart ikkje informert om denne saka, noko vi meiner hadde vore naturleg. Erik Gran tar kontakt med fylkeslaget om dette.
- Nord-Trøndelag Sau og Geitavlslag har bedt oss om å koma med forslag til ny kandidat til avlsutvalget, da Nils Sundal går ut. Vårt forslag er Olav Tiller med Morten Munkeby som vara. Avd. sør bør kreve å ha formannen i avlsutvalget da vi har 2/3 av sautalet i fylket.
- Ønske om kåringsdagar sendt Sverre Dybwad:
| Torsdag 2. okt. | Leksvik, Mosvik, Inderøy. |
| Fredag 3. okt. | Meråker, Stjørdal. |
| Laurdag 4. okt. | Levanger, Verdal. |
| Måndag 6. okt. | Verran, Steinkjer, Snåsa. |
| Laurdag 11. okt. | Spel. |